Kort fortalt

Internasjonalt makrelltokt har starta

Vil forstå endring i vandringane.

NPK
05.07.2022
(NPK): Norske havforskarar vil delta på det internasjonale makrelltoktet i sommar. Hovudmålet er bestandsvurdering.

I tida framover skal havforskarar dekkje ti gonger det norske landarealet i jakta på makrellen, skriv Havforskingsinstituttet (HI).

Makrellbestanden har ei stor utbreiing i Atlanterhavet. Men dei siste åra har både utbreiinga og bestandsstorleiken vist ein nedgåande trend. Den har hatt tendensar til å trekkje ut av grønlandske og islandske farvatn, og har blitt funnen stadig meir nordleg i Norskehavet.

Leif Nøttestad er havforskar og koordinator for det internasjonale toktet.

– Endringane i utbreiinga til makrellen blir stadig forska på for å forstå dei underliggjande årsakene til denne variasjonen i vandring. Difor leverer dette toktet heilt sentrale data for den aktuelle forskinga, seier han.

Hovudformålet for forskinga er likevel bestandsvurdering. Det årlege toktet etter makrell er éin av fleire viktige indeksar forskarar bruker for å anslå kor mykje makrell det er i havet. Vidare kan dei fortelje kor mykje det er forsvarleg å fiske, altså det som blir kalla eit kvoteråd.

Undervegs i makrelltoktet vil det også bli høve for forskarane til å overvake ei rekkje andre forhold i økosystemet, som til dømes sild, kval og dyreplankton.

– Det kjem mange forskingsbestillingar både nasjonalt og internasjonalt som vi blir spurde om å utføre, seier Nøttestad.

(©NPK)

Publisert: 05.07.2022 11:20

Sist oppdatert: 05.07.2022 11:21

Mer om