Kort fortalt

Investeringsselskap konkurs med stor gjeld

Eigde Ulstein-selskap som nyleg melde oppbod.

Marius Rosbach
30.12.2023

Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i selskapet Teal Venture, som opplyser at dei har sju millionar kroner i gjeld.

Investeringsselskapet med adresse i Ålesund har eigd aksjane i Ulstein-selskapet Com-Net. Elektro- og telekommunikasjonsselskapet melde oppbod i november med 20 millionar kroner i gjeld.

Teal Venture tok over eigarskapen i Ulstein-selskapet i 2022.

Selskapet blei starta same år, og årsmeldinga frå oppstartsåret viste eit underskot på kring 180.000 kroner. Det var ikkje tilsette i investeringsselskapet og verksemda var innstilt då selskapet melde oppbod.

Frank Håkon Garnes og Karsten Gefle har vore dei sentrale personane og eigarane i begge selskapa. Sistnemnte har vore styreleiar Teal Venture og Com-Net, medan Garnes har vore dagleg leiar i Com-Net, og styremedlem i begge selskapa.

Bustyrar i saka er ålesund-advokat Kristine Grønbech Rolland Devold og første skiftesamling er planlagt 12. februar.

Publisert: 30.12.2023 13:51

Sist oppdatert: 31.12.2023 13:01

Mer om