Kort fortalt

Ja til gruvedrift på havbotnen

Opnar for leiting og utvinning.

09.01.2024

(NPK-NTB): Stortinget vedtok tysdag å opne for leiting og utvinning av ettertrakta mineral på havbotnen, etter at Ap og Sp i desember vart samde med Høgre og Frp.

Stortingsfleirtalet meiner gruvedrifta vil leggje til rette for lønnsam, berekraftig og forsvarleg mineralverksemd til havs.

Dei fire partia vart samde om gruvedrift på havbotnen i byrjinga av desember, og tysdag vart saka vedteken i Stortinget.

Regjeringa har sagt det er auka interesse for desse ressursane fordi etterspurnaden etter viktige metall aukar på verdsbasis. Dei argumenterer også med at det er viktig å auke sjølvforsyninga i ei tid prega av auka internasjonal spenning.

Motstandarar meiner derimot at gruvedrift på havbotnen kan få katastrofale og irreversible konsekvensar for dyreliv og natur til havs.

SV, Raudt, Venstre, MDG og KrF stemde mot vedtaket, og skriv i innstillinga si at Noreg manglar kunnskap om miljøet i 99 prosent av havområda som er aktuelle for gruvedrift.

(©NPK)

Publisert: 09.01.2024 17:18

Sist oppdatert: 09.01.2024 23:25

Mer om