NPK Lokale jeger- og fiskarforeiningar gler seg over at stadig fleire får auga opp for jakt og fiske. Det siste året har det strøymt på med nye medlemer i alle aldrar.
Ved utgangen av 2020 hadde Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) til saman 110.050 medlemmer. Det er 1.556 fleire enn året før, fortel organisasjonen i ei pressemelding.
Organisasjonen meiner veksten heng saman med koronapandemien.
– For mange har friluftslivet vore ein verdifull ventil mot restriksjonar og stillesitjinga på heimekontor, skriv NJFF som konstaterer at jakt og fiske har fått meir å seia for mange.
Ikkje minst har det nye familiemedlemskapet til Norges Jeger- og Fiskerforbund slått godt an. Til saman har organisasjonen fått heile 9.239 familiemedlemmer det første året med slikt medlemskap.
Sjølv om mennene framleis rår grunnen i organisasjonen, kjem det likevel stadig fleire kvinner til. Det siste året har talet på kvinnelege medlemmer auka med 14 prosent. Til saman er no 15.616 kvinner medlem i Norges- Jeger og Fiskerforbund.

Publisert: 07.01.2021 18:46
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23