Kort fortalt

Jobbar for trekantsamband med hurtigbåt

Vil ha rute Hamnsund-Gjøsund-Ålesund.

27.02.2020
Eit forslag frå Hege Natland (Sp) fekk fleirtal i kommunestyret i Ålesund for å jobbe vidare med eit hurtigbåtsamband mellom Hamnsundet, Gjøsund på Vigra og Ålesund sentrum, ifølgje lokalavisa .
Forslaget blei samrøystes vedteke då planen for areal, klima og transport i region Ålesund, var til behandling.
– Eg meiner vi bør ta sjøvegen litt meir i bruk til kollektivtransport. På den måten kan vi å få ein rask og effektiv transport og det også avlaste belasta trafikkårer både inn mot Ålesund sentrum, bilvegen og tunellane til flyplassen og Blindheimstunellen, seier Natland til avisa.
Planen skal sjå arealbruk og transport i samanheng og i eit berekraftperspektiv. Målet er at regionen skal utvikle seg på ein berekraftig måte og gi gode rammer for vidare vekst, heiter det om planen.

Publisert: 27.02.2020 13:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30