Kort fortalt

John Gjerde vurderer flytting frå Gjerdsvika

06.11.2023

Sande-bedrifta John Gjerde AS vurderer å flytte frå Gjerdsvika, melder Vestlandsnytt.

Selskapet har lagt ut anlegget i Sande-bygde til sals, og vurderer fleire alternativ for framtida.

Dagleg leiar Bjørnar Kleiven fortel til avisa at dei vurderer at det kan vere lettare å rekruttere nødvendig kompetanse om dei flyttar, til eksempel til Ulsteinvik.

John Gjerde As er spesialistar på ventilar til skip og har produksjonsavdeling i Saldus i Latvia, i tillegg til administrasjon og utviklingsavdeling som i dag held til i Gjerdsvika.

Publisert: 06.11.2023 21:18

Sist oppdatert: 06.11.2023 21:18

Mer om