Kort fortalt

Kamp mot forsikringssvindel

Samarbeid mellom forsikringsselskap.

26.10.2020
NPK-NTB: Forsikringsselskapa Fremtind, Tryg og Frende vil dele skadedata for å forhindre og redusere svindelforsøk. Samtidig varslar dei fleire politimeldingar.
Maskinlæring og deling av skadedata i skya mellom forsikringsselskapa Fremtind, Tryg og Frende skal avdekkje meir svindel.
– Det er første gong norske skadeforsikringsselskap samarbeid på denne måten, ved å dele skadedata seg imellom i skya. Ved hjelp av maskinlæring skal vi sjå etter avvik i skadeoppgjer og identifisere fellesnemnarar som peikar i retning av svindel, seier Roy-André Sørheim Lyngbø, leiar for utgreiing i Fremtind i ei pressemelding.
Informasjon om kundane til kvarandre blir ikkje delte.
– Det er ein styrke for bransjen at vi kan samarbeide godt for å møte denne typen felles utfordringar. Forsikringssvindel er eit samfunnsproblem, understrekar Roald Heie, leiar for business intelligence-senteret i Frende.
Dei nye rutinane gjer at Fremtind reknar med å politimelde ti gonger så mange svindeltilfelle som dei har gjort til no.
Årleg avdekkjer forsikringsbransjen i Noreg svik og svindel fór om lag 500 millionar kroner. Samtidig er mørketala store.

Publisert: 26.10.2020 17:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24