Sjøfolk kan avvikle karantenen om bord på fartøyet under visse vilkår. Dette kjem fram i eit brev frå Helsedirektoratet til Fiskebåt.
Bakgrunnen er at karantenereglane som har kome den siste veka har ført til ein del utfordringar i samband med mannskapsbytte for fiskefartøy.
No slår Helsedirektoratet fast at mannskap på fiskefartøy kan vere i korona-karantene om bord i fartøyet, men på visse vilkår.«Helsedirektoratet er enig i at eventuell karantene kan avtjenes om bord i fiskefartøyet under forutsetning av at personer som avtjener karantene unngår nærkontakt med andre personer. Med nærkontakt menes kontakt med andre personer med mindre enn to meters avstand i mer enn 15 minutter, eller direkte fysisk kontakt," fastslår direktoratet.Ein viktig føresetnad er at personen er symptomfri før vedkomande kjem om bord.

Publisert: 23.03.2020 19:46
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29