NPK-NTB: Koronaviruset kan føre til at arbeidsgivarar blir nøydde til å permittere tilsette. Ved moglege permisjonar kan varselfristen vere to dagar, opplyser Nav.
Nav ser på permisjonar som følgje av koronaviruset både som ei «forventa» og ei «uventa» hending, opplyser dei på nettsidene Ved permisjonar på grunn av ei uventa hending er varselfristen to dagar og ikkje 14, som er hovudregelen ved ei forventa hending.
– Ei forkorta varsling er primært der for å ta vare på situasjonar som har oppstått, som er uventa for arbeidsgivar og kjem brått på, seier kunnskapsdirektør Yngvar Åsholt i Nav til
For at ein arbeidsgivar skal kunne gå til det skritta å permittere tilsette, må årsaka vere mangel på arbeid eller andre forhold som arbeidsgivar ikkje kan føresjå og innrette seg etter.
Arbeidsgivar må ved korona-permisjonar, som normalt, betale den permitterte lønn dei første 15 dagane.
Tilsette som blir permittert som følgje av koronaviruset, kan ha rett til dagpengar frå Nav dersom vilkåra for permisjonen er oppfylte.

Publisert: 05.03.2020 05:49
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30