Kort fortalt

Kan vi ete rognkjeks til middag?

Vi ha reinsefisk som matfisk.

07.01.2021
NPK: Matforskingsinstituttet Nofima prøver no å finne ut korleis alle millionane med reinsefisk som jobbar i norske lakseoppdrett, kan bli matfisk.
Reinsefisk som rognkjeks, berggylte og andre leppefiskar vert i dag nytta av oppdrettsanlegg fordi dei et lakselus. Millionar av reinsefisk vert sett ut i laksemerdane og gjer ein viktig jobb for helsa til oppdrettslaksen.
I dag blir ikkje reinsefisken tatt vare på etter at han har ete lus, og endar i beste fall opp som dyrefôr når merdane vert tømde og laksen går til slakting.
‒ Svært mange reinsefisk døyr i merdane. Dette er verken etisk eller berekraftig forsvarleg, og er ei utfordring vi må løyse, seier forskar Gøril Voldnes i Nofima i ei pressemelding.
Ho er forprosjektleiar for det store prosjektet «From waste to food – sustainable exploitation of lumpfish», som skal finne ut om reinsefisk kan brukast som matfisk.
‒ Blant anna Russland, Kina og Danmark har tradisjon for å ete vill rognkjeks, og Island er allereie ein stor eksportør. Men den ville fisken er rundt to-tre kilo. Vi har utfordra både restaurantar og andre til å sjå korleis desse små rognkjeksa frå oppdrett kan brukast, fortel Voldnes.
Kokkane melder at det er for mykje arbeid og plunder for å reinse og utnytte små fisk på 300 gram.
Nofima undersøkjer i første omgang om det er interesse i Vietnam og Sør-Korea.

Publisert: 07.01.2021 15:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23