NPK: Havforskingsinstituttet jobbar no med å kartleggje korleis ulike artar i havet responderer på oljesøl. Resultata skal gå inn i rådgivinga og som ein del av risikovurderinga av oljeboring i Vesterålen, Lofoten og Senja.
– Forskingsprosjektet tar utgangspunkt i eit større oljeutslepp ved norskekysten. Slike katastrofar er heldigvis sjeldne, men når uhellet først er ute kan konsekvensane vere katastrofale, seier havforskar Sonnich Meier til
Forskarane skal sjå på korleis økosystemet i havet blir påverka av endringar i havet. Den fleircella organismen forskarane i hovudsak skal konsentrere seg om, er svampen. Det er den mest primitive av fleircella organismar i havet og blir rekna som havets lever. Den reinsar 95 prosent av vatnet den filtrerer.
– Svampen dekkjer enormt store mengder av botnfaunaen i havet, over heile verda. Kor viktig den faktisk er veit vi enno ikkje, men vi håpar undersøkinga kan hjelpe oss nærmare svaret, seier havforskar Raymond Bannister til avisa.
I tillegg til svampen skal havforskarane utsette egg- og larvestadiet til torsk, sild, kveite, hyse, lyding, polartorsk og sei for simulert oljeutslepp for å sjå påverkinga. Dei ulike artane blir eksponerte for olje i 24 timar, åtte dagar og tre veker. Oljemengda er mikroskopisk, og sjøvatnet i tankane ser heilt reint ut.

Publisert: 06.04.2018 13:29
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39