Karsten Warholm - Kristine Haddal - Leif Olav Alnes - Foto NRK/Erik van Leeuwe GNU
FAMILIEBEDRIFT: Karsten Warholm sitt selskap dobla overskotet i fjor. Firmaet sysselsett mor og manager Kristine Haddal og trenar Leif Olav Alnes, i tillegg til at mormora fører rekneskap. Foto: NRK/Erik van Leeuwe GNU
Kort fortalt

Karsten meir enn dobla overskotet

Familiebedrifta tok nye steg.

Marius Rosbach
07.07.2022
Pilene held fram å peike oppover for Karsten Warholm sitt selskap Sunn Vekst. Rekneskapet for i fjor viser eit eit lite hopp i inntektene samanlikna med året før, til knappe 5,9 millionar kroner.

Lønnsemda blei langt betre i 2021-sesongen, enn året før med ei dobling av overskotet (sjå tabell under).

Friidrettsstjerna hadde ein innhaldsrik sesong i fjor mellom anna med verdsrekord og OL-gull.

Firmaet Sunn Vekst er på fleire vis ei familiebedrift der Kristine Haddal – mora til Karsten – er dagleg leiar. Regnskapsføringa står mormora for og Karsten Warholm eig alle aksjane.

Ulstein-selskapet har tre årsverk, Karstein sjølv, mora Kristina og trenar Leif Olav Alnes.

Langt nær alle inntektene til Warholm visast i Sunn Vekst-selskapet. Friidrettsutøvaren får inntekter både frå ulike utstyrsavtaler, sponsoravtaler, inntekter frå friidrettsforbundet og Olympiatoppen - og bonusavtalar og startpengar frå ulike arrangørar.

Sunn Vekst AS

Årsresultat (i mill kr)


2021

2020

Driftsinntekter

5,9

5,6

Driftsresultat

1,8

0,8

Res. før skatt

1,8

0,8

Publisert: 07.07.2022 13:02

Sist oppdatert: 07.07.2022 13:32

Mer om