Kort fortalt

Kinn vil ha batterifabrikk

Men det vil også mange andre.

29.01.2021

NPK: – Vi har areal, vatn og vasskraft, og menneske med kunnskap og evne til å løfte i lag. Denne fabrikken skal vil ha hos oss, seier fylkesordførar i Vestland Jon Askeland om batterifabrikken som dei tre industrigigantane Hydro, Equinor og Panasonic skal bygge i Noreg med 2.000 arbeidsplassar.

Fristen gjekk ut 28. januar for å vise si interesse for batterifabrikken som i startfasen har behov for eit areal på heile 400 mål, med høve for utviding til 1.000 mål. Frå Vestland fylke har 12 kommunar levert tilbod.

– I lag med dyktige kommunar har vi hatt eit spennande samarbeid og laga eit prospekt som viser kva vi kan tilby. Vi vil vise kvifor Vestland fylke er det beste vertskapet for battericelleproduksjon i verdsklasse. Vestland er det største kraft- og eksportfylket i landet med lang industrihistorie. Vi er ein regional utviklingsaktør med krevjande framtidsmål. Vi skal bli episenteret for det grøne skiftet og eit nullutsleppsfylke, seier Askeland i ei pressemelding.

Dei 12 kommunane i Vestland som har meldt interesse for batterifabrikken er: Alver/Austrheim, Askøy, Bjørnafjorden, Bremanger, Gulen/Masfjorden, Kinn, Kvinnherad, Sunnfjord, Voss og Øygarden. I nokre av kommunane er det private grunneigarar som søkjer saman med kommunen.

Hydro, Equinor og Panasonic skal no utføre eit forstudium. Det skal munne ut i tre aktuelle kandidatar som går til finale. Planen er at tomta skal vere byggjeklar i 2023, med produksjonsstart i 2025.

Publisert: 29.01.2021 10:35

Sist oppdatert: 16.03.2021 13:34