Kort fortalt

Kjøpesenter vil ha reklame på nynorsk

Kjedene skriv som oftast bokmål eller engelsk. 

03.02.2020
(NPK): På Alti-kjøpesenteret i Førde vil dei gjerne ha all informasjon og reklame på nynorsk. Men ikkje alle butikkar har nynorsk materiell tilgjengeleg.
– Det er klart at når me ligg på Vestlandet og målforma her er nynorsk hadde det vore greitt å få plakatane på nynorsk, seier Ann-Katrin Olsen, butikkleiar i Ark Førde til .
Sjølv om butikken ønsker å bruke plakatar og reklamemateriell på nynorsk, kan ikkje ARK tilby det, og butikken må eventuelt lage materiellet sjølve.
Reklamen for dei forskjellige kjedebutikkane er stort sett skriven på bokmål eller engelsk. Alti-kjeda prøver å ha mest mogleg materiell på nynorsk. Dei jobbar aktivt for å få materiale tilsendt på nynorsk, men i nokre tilfelle må dei omsetje sjølve.
(©NPK)

Publisert: 03.02.2020 13:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30