Kleven-tilsette har venta 16 månader på løn
NAV forseinka etter konkursen.
Fleire tilsette i Kleven Verft-selskapet som gjekk konkurs i fjor sommar, ventar framleis på å få utbetalt lønnskrav, melder Vikebladet Vestposten.
Leiar Alf Johan Antonsen og nestleiar Frank Hauge i FLT (Forbundet for Ledelse og Teknikk) ved Green Yard Kleven fortel til avisa at ikkje skjønar kvifor det tek NAV og buet slik tid å få ordna opp.
– Det er snakk om fleirfaldige millionar kroner totalt, seier Frank Hauge til avisa.
Bustyrar Bjørn Åge Hamre seier til avisa at hovudårsaka til at saka har trekt ut, er lang sakshandsamingstid hos NAV. Årsaka er koronapandemien, ifølgje Hamre - som fortel at dei har fått signal om at det «byrjar å lausne».
Publisert: 12.11.2021 10:14
Sist oppdatert: 12.11.2021 10:30