Yacht-samarbeid for Kleven
Verftet har innleia samarbeid med Monaco-baserte meklarar.
Green Yard Kleven har innleia eit samarbeid med yachtmeklarfirmaet Yachting Partners International.
Det melder verftet i ei pressemelding onsdag.
-Vi ser på bygging av store yachtar, sokalla superyachtar, som ein høgaktuell marknad for oss. Yachtmeklarane frå YPI er erfarne og har eit enormt nettverk i bransjen. Eit samarbeid med dei gjer at vi kan kome i kontakt med yachtbyggarar over heile verda på ein heilt annan måte enn om vi skulle gjort dette åleine, uttalar konsernsjef Hans Jørgen Fedog i Green Yard Group i meldinga.
Skal jobbe for å sikre oppdrag
Yachtmeklarane Peter Thompson og Russel Crump skal jobbe målretta for å skaffe oppdrag til Green Yard Kleven og var nyleg på Sunnmøre for å gjere seg kjent med verftet.
Ifølgje pressemeldinga er meklarane imponert over arbeidet som er gjort ved Kleven tidlegare. Spesielt er det yachtane til New Zealandske Graeme Hart som har vekt oppsikt.
Yachtmarknaden i vekst
Det følgjer ikkje noko konkret byggeprosjekt med i avtalen, som i første rekke sikrar verftet marknadsføring i dei «rette kretsane».
- Vi vil sikre at Green Yard Kleven-namnet blir flagga høgt over heile verda og bli sett av alle kundar som vurderer å bygge yachtar, uttalar yachtmeklarane.
For tida skal det vere kring 600 yachtar på meir enn 80 meter under bygging, og dei siste åra har marknaden auka.
Publisert: 03.11.2021 14:54
Sist oppdatert: 03.11.2021 15:00