Green yard kleven inngang innfelt alex bouzari foto marius ddn 11
KLEVEN: Alex Bouzari (innfelt) går vidare med planane om å byggje luksusyacht ved Kleven. Foto: Marius Rosbach/DDN
Nytt

Har signert intensjonsavtale om bygging av luksusyacht

Green Yard Kleven nær endeleg avtale med IT-milliardær.

- Eg vil aldri gi ein kommentar på noko som vi ikkje har delt sjølv, det gjeld både prosjekt, LOI-ar eller kontraktar. Det gjer vi offentleg, når vi har dei klare.

Det seier Green Yard Kleven-direktør Hans Jørgen Fedog som ein kommentar til at NETT NO kjenner til at verftet har signert ein LOI (letter of intent, red merk) om bygging av ein yacht for IT-milliardæren Alex Bouzari.

110 meter lang yacht
LOI betyr at det er inngått ein førebels kontrakt, der det skal arbeidast vidare med detaljplanar før endeleg kontrakt vert inngått.

Intensjonsavtalen gjeld bygging av ein rundt 110 meter lang luksusyacht til Bouzari. Han var ein av grunnleggjarane av selskapet Datadirect Networks, eitt av verdas største privateigde datalagrinsselskap. No ønkser Bouzari å byggje sin eigen luksusyacht, og dette ønsker han primært skal skje på Kleven.

Imponert over Kleven
Iranskfødde Bouzari bur delvis i Hollywood, delvis i Paris, og NETT NO har tidlegare fått opplyst at han har vorte imponert over kvaliteten på dei Kleven-bygde skipa til Hurtigruten, og ikkje minst kvaliteten til luksusyachtane Ulysses og Andromeda, som Kleven i 2016 og 2018 bygde den new zealandske milliardæren Graeme Hart. Desse skipa blei bygde i stål etter design av Marin Teknikk.

NETT NO kjenner til at det siste vekene har vore fleire møter med Bouzari.

- Høgaktuell marknad
Denne veka vart det også kjent at Green Yard Kleven har innleia eit samarbeid med det Monaco-baserte yachtmeklarfirmaet Yachting Partners International.

I ei pressemelding opplyser verftsdirektør Hans Jørgen Fedog at såkalla superyachtar er ein høgaktuell marknad for verftet.

No er det mykje som tyder på at det kan verte ein snarleg avtale om bygging av den første yachten, noko som er ei viktig avklaring for dei tilsette på Kleven. Slike store og komplekse nybyggingsprosjekt krev fleire tilsette og ei anna organisering enn om ein skal konsentrere arbeidet rundt ombyggingar, reparasjonar og resirkuleringsoppdrag.

Fosnavåg-dåp
Nyleg fekk verftet oppdraget med å resirkulere fire eldre offshoreskip for Solstad Offshore, men til NETT NO opplyste Fedog då at verftet på ingen måte har forlatt marknaden for nybygg, og at ein var i dialog med fleire aktørar.

Siste nybygget frå verftet er Rem Offshore-skipet Rem Energy, eit spesialbygd havvindskip. Sluttarbeidet før overlevering pågår no, og dette skipet skal døypast 20. november i Fosnavåg. Dette skal skje inne på Fosnavåg hamn, dit det 89,7 meter lange og 19,6 meter breie skipet skal gå inn.

Skipet var opphaveleg bestilt som eit forsyningsskip til Atlantic Towing ved Havyard, men vart overtatt av Kleven vinteren 2020.

No kan det verte fleire store nybyggingsoppdrag for Kleven. Om verftet til slutt seier ja til Alex Bouzari, vil han etter det NETT NO kjenner til også byggje fleire ekspedisjonscruiseskip i ‘explorer-klassa’, og ser seg om etter både norske og utanlandske verft som kan ta på seg slike oppdrag.

Publisert: 05.11.2021 11:08

Sist oppdatert: 05.11.2021 11:23

Mer om