NPK-NTB: I forkant av Senterpartiets landsmøte i juni føregår det ein intens debatt om i kva retning Sp skal ta i klimaspørsmålet. Programkomiteen i partiet er delt.
I utkastet frå programkomiteen til nytt partiprogram er det særleg i klima- og miljøspørsmål at medlemmene i komiteen er usamde. I utkastet handlar tre av sju dissensar om klima. Eit av temaa som skaper hovudbry er den norske oljeutvinninga.
Partileiar Trygve Slagsvold Vedum vil ikkje setje nokon sluttdato for norsk oljeproduksjon. Tidlegare Sp-topp Åslaug Haga har etterlyst det, og Oslo Sp har snakka om å programfeste det, skriv .
No meiner tidlegare partileiar og statsråd Liv Signe Navarsete at Sp må vere klarare i talen om at oljeutvinninga vil gå mot ei avslutning. Overgangen til ein grønare industri skjer ikkje over natta, presiserer ho.
– Men Sp må vere tydeleg på at det er i den retninga det går. Slike spørsmål krev tydelege svar. Vi må førebu oss på at den store tida for nye, store oljeutvinningsprosjekt er over, seier Navarsete, og meiner Sp bør arbeide aktivt for grøne arbeidsplassar som gradvis skal avløyse oljeproduksjonen.
Klimadebatten i partiet dreier seg òg mellom anna om CO2-avgifta, elbilfordelar og karbonavgifta.

Publisert: 05.02.2021 08:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23