Kort fortalt

Klimastreik ikkje gyldig fråvær

- Ikkje innanfor fråværsreglane.

23.02.2020
NPK-NTB: Det er Framstegspartiets stortingsrepresentant Roy Steffensen som har kravd kunnskapsministeren svar på om skulestreik for klimaet kvalifiserer til gyldig fråvær.
Han viser til at det er varsla ein ny klimastreik fredag 24. april.
Kunnskapsminister Trine Skei Grande (V) skriv i svaret at «politisk arbeid» kan gi dokumentert fråvær i vidaregåande skule, men at orda arbeid indikerer at det må meir til enn alminneleg deltaking i elevstreik. «Slik dagens regler er utformet, vil derfor deltakelse i en elevstreik som oftest ikke gi dokumentert fravær», konkluderer ho.

Publisert: 23.02.2020 22:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30