Kort fortalt

Kommunane har meir i gjeld

Samla gjeld på 544 milliardar.

07.01.2020
NPK: Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at Kommune-Noreg har fått meir i gjeld. I november hadde Kommune-Noreg til saman 544,2 milliardar i gjeld.
Tolvmånadersveksten i innanlandsk lånegjeld for publikum (K2) var 7,8 prosent i november 2019, det var opp frå 7,6 som den stod på månaden før, skriv .
Kommunane kan ikkje ta opp lån for å finansiere vanleg drift, og lånesummen speglar difor investeringssummane i kommunane.
Seniorrådgivar i SSB, Eivind Egge, seier til Kommunal Rapport at kommunane har hatt høgt nivå på investeringane sine dei siste åra. Det såg ein også klart i 2018.

Publisert: 07.01.2020 14:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31