(NPK): Når Sparebanken vest inviterer til Vestlandskonferansen i Bergen tysdag 3. mars, handlar det om korleis ein skal skape nye arbeidsplassar fram mot 2035 i lågutsleppssamfunnet i framtida.
Konferansen i år heiter «Det største skiftet». På konferansen blir òg Vestlandsmeldinga presentert, der det blir beskrive «korleis Vestlandet kan bli vinnaren i åra framover», skriv Sparebanken vest i ei pressemelding.
Til konferansen kjem blant andre forsknings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim, stortingsrepresentant Espen Barth Eide (Ap), sjef for Huawei Norge, Huang Hongqi, Peter Frankopan, forfattar og professor i litteratur frå universitetet i Oxford, Jens Ulltveit-Moe, grunnleggar og Konsernsjef i Umoe, Hege Skryseth, konserndirektør i Kongsberg Gruppen og Vidar Helgesen frå det internasjonale høgnivåpanelet for berekraftig havøkonomi.
(©NPK)

Publisert: 27.02.2020 15:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30