Kort fortalt

Konkurs etter tre år i minus

Restaurant på Moa melde oppbod.

Marius Rosbach
15.04.2021

Restauranten Sunn og Nam på Moa har meldt oppbod, ifølgje ei kunngjering frå Sunnmøre tingrett.

Bustyrar for konkursen er Axel Villads Lange og første skiftesamling er 31. mai.

Spisestaden har hatt stadig lågare driftsinntekter og underskot i åra 2017-2019. Rekneskapen for i fjor er ikkje offentleg.

Selskapet blei starta i 2004 og har halde til ved Amfi Moa Syd sidan året etter. Drifta har stort sett gått med overskott dei tidlegare åra.

Restauranten hadde sju tilsette, ifølgje siste årsrapport

Publisert: 15.04.2021 16:17

Sist oppdatert: 15.04.2021 16:37

Mer om