Kort fortalt

Konkurs for engroshandel

Slutt for Sula-selskap.

Marius Rosbach
02.02.2021
Sunnmøre tingrett opna måndag konkurs i selskapet Nordic Sportswear. Firmaet med adresse i Langevåg har halde på med engroshandel med kle.
Bustyrar Erling Flisnes opplyser til NETT NO at det ikkje var tilsette i selskapet på tidspunktet for konkursen. Første skiftesamling er 15. mars.
Firmaet ble oppretta i 2004 og inntektene i selskapet har variert stort. I siste offentlege rekneskap frå 2019 var omsetninga 1,9 millionar og året før 3,8 millionar. I fleire år tidlegare har det vore null i omsetning.
Dei siste fem åra har det vore ei samla underskot på kring 1,5 millionar kroner.

Publisert: 02.02.2021 15:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23