(NPK-NTB): Etter to brannar og eit oljeutslepp i haust har konserntillitsvald i Equinor sendt eit varsel til leiinga om ein ukultur rundt tryggingsarbeidet i selskapet.
Owe Ingemann Waltherzøe er konserntillitsvald i Equinor. Etter fleire hendingar i selskapet nyleg sende han førre veke eit brev til direktør for tryggleik i selskapet, Torger Rød, skriv .
– Som konserntillitsvald der eg har ei rolle i konsern AMU (KAMU) vil eg med dette varsle om ein ukultur i selskapet vårt, dette på bakgrunn av førespurnader og tilbakemeldingar frå hovudverneombod, verneombod og tillitsvalde ved ulike lokasjonar i selskapet, går det fram av brevet.
Walterzøe seier at tryggingsarbeidet i Equinor ber preg av at økonomi kjem føre tryggleik og at store kostnadskutt har ført til at det blir skove på nødvendig vedlikehald. Til NRK seier han at det har vorte mange fleire verneombod i selskapet, men at dei ikkje er på heiltid.
– Samtidig med nedbemanning seier det seg sjølv at tida til tryggingsarbeid blir mindre, seier han.
Torger Rød avviser skuldingane om kostnadskutta har gått ut over tryggleiken og svarer at tryggleiken er topp prioritet i Equinor.
– Det er det ingen tvil om, og det er føresetnaden for alt vi gjer, seier Rød.
(©NPK)

Publisert: 10.12.2020 10:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24