Kort fortalt

Korona har endra hyttedraumane

Mange droppar leilegheit i utlandet.

13.11.2020
NPK: Koronapandemien har ført til at hyttesalet her i landet har gått til vers, men hyttene folk er på jakt etter treng ikkje nødvendigvis ha så god komfort som før.
– Trenden er no at folk vil ha enklare hytter med kort reiseavstand, fortel eigedomsmeklar Jan Terje Halvorsen til
Han trur pandemien har ført til at mange ønskjer å gjera alvor av hytteplanane dei kanskje har tenkt på tidlegare. Folk som har slege frå seg å kjøpa leilegheit i utlandet, er også med på å auka etterspurnaden etter hytter her i landet, meiner han.
Ifylgje SSB-tal NRK har sett nærmare på, blei det i tredje kvartal selt nesten 50 prosent fleire fritidseigedommar i tredje kvartal i år enn i fjor på same tid.

Publisert: 13.11.2020 10:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24