(NPK): Laksemarknaden i Europa har blitt tøffare som følgje av koronapandemien. No er lakseprisen pressa ned mot produksjonskostnaden på drygt 40 kroner kiloen.
– Dei siste vekene har marknaden vore prega av uvisse, både om kor mykje fisk som blir slakta framover og ikkje minst om kva effektar den eskalerande koronasmitten i Europa vil ha på konsumet av laks. Vi er alltid optimistar, og vi er imponerte over at det trass alt har vore gode prisar i ein marknad med både høgt volum og korona, seier salssjef Anja Strand i Nordlaks via e-post til
Herman Aleksander Dahl i Nordea Markets meiner dei låge lakseprisane særleg kjem av oppblussing av korona, men også at det er meir laks i sjøen.
Også på Oslo Børs har dei store sjømatselskapa slite i år. Med unntak av Salmar, har alle falle i verdi så langt i år.
(©NPK)

Publisert: 28.10.2020 11:49
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24