(NPK-NTB): Regjeringa vedtok torsdag å halde oppe dei strenge koronakrava for cruise langs kysten og på Svalbard. Ei ny vurdering kjem i vår.
Sidan koronapandemien braut ut for snart eit år sidan har det vore utbrot om bord på skip både i Noreg og internasjonalt.
– Slike utbrot er erfaringsvis veldig ressurskrevjande å handtere. Det er òg påvist nye mutasjonar i Noreg. Samtidig er det uvisst korleis desse vil påverke pandemien framover, seier helseminister Bent Høie (H).
Han seier vidare at regjeringa har lagt vekt på at kommunane no må prioritere vaksinasjon og oppfølging av lokale smitteutbrot.
(©NPK)

Publisert: 04.02.2021 19:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23