Kort fortalt

Koronasmitta tok drosje utan munnbind

Nordfjording får høg bot.

24.11.2020
NPK-NTB: Ein koronasmitta mann i Vestland har innrømt å ikkje ha brukt munnbind då han tok drosje til sjukehuset på Nordfjordeid. Mannen blir bøtelagd.
Storleiken på bota er ikkje sett, men liknande tilfelle har gitt bøter opp mot 20.000 kroner, skriv .
– Her er det fleire som har vorte sette i potensiell fare. Det er all grunn til å ta regelverket om karantene og isolasjon på alvor, seier politisjef Tormod Hvattum i stad til kanalen.
Mannen vart meld til politiet av drosjeeigaren. Drosjesjåføren er symptomfri, men er sett i karantene og ventar på testsvar.

Publisert: 24.11.2020 18:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24