Kort fortalt

Koronastopp for fiskeritokt

Havforskinga avlyser seks tokt.

25.03.2020
NPK: Halve toktprogrammet til Havforskingsinstituttet i mars og april er kansellert på grunn av koronaviruset.
– Vi har prioritert hardt, og vil gjere det vi kan for at vi får til å gjennomføre dei viktigaste leveransane til bestandsrådgjevinga, til dømes skreitoktet og Egga sør-toktet. Det er likevel ein situasjon der mykje endrar seg på kort tid, og vi tek kontinuerlege vurderingar, seier forskingsdirektør Geir Huse til .
Han fortel at dei prioriterer desse tokta fordi dei leverer viktige data til kvoteråd, og fordi skreien er den kommersielt viktigaste bestanden.
Reiarsjef Per W. Nieuwejaar trur det kan bli vanskeleg å få bemanna skipa i tida som kjem, og fryktar at dei i verste fall også må kansellere prioriterte tokt på grunn av mangel på kvalifisert personell. Onsdag er det mannskapsskifte, og dei tek sikte på å bemanne G.O. Sars, Johan Hjort og Kristine Bonnevie.
Skipet Johan Hjort startar etter det skreitoktet.

Publisert: 25.03.2020 10:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29