Kort fortalt

Kort levetid for Polen-rute

Wizz Air sluttar med Vigra-avgangar.

09.01.2020
Flyruta to gonger i veka frå Vigra til Katowice blir lagt ned berre fire månader etter den starta opp, melder Sunnmørsposten.
– Wizz Air grunngjev nedlegginga med manglande etterspørsel og dårleg lønnsemd på ruta, fortel lufthavnsjef Tor Hånde ved Ålesund lufthavn Vigra til avisa.
Det skjer trass i at desse avgangane er trekt fram som mot slutten av fjoråret. Hånde er skuffa og meiner det er grunnlag for ei rute til det sårlege Polen.

Publisert: 09.01.2020 13:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31