Kort fortalt

Kortbruken går ned

Spesielt på reiseliv bruker folk mindre pengar.

12.10.2023

NPK-NTB: Kortforbruket til nordmenn held fram nedover.

I september i år var kortforbruket 1 prosent lågare enn i september i fjor, viser transaksjonsdata frå Noregs største bank DNB.

– Sjølv om vi held fram med å sjå ein nedgang i forbruket totalt sett, er det enno ingen teikn til bråstopp for dei fleste. Ein del bruker nok tid på å justere forbruket til økonomisk strammare tider og held fram med å bruke av sparepengane, seier konserndirektør i DNB personmarknad, Ingjerd Blekeli Spiten, i ei pressemelding.

Kortforbruket samla sett, justert for prisvekst, går særleg ned innan reiseliv (-12 prosent), medan forbruket til serveringsverksemder (+4 prosent) og fritid og underhaldning (+5 prosent) betrar seg noko.

– Dette kan vere eit uttrykk for at vi no er i ein fase der vi i mindre grad unner oss store og kostbare reiser, men i staden vrir «luksusforbruket» til restaurantbesøk og opplevingar nærare heimen, seier direktør for datatransformasjon i DNB, Ine Oftedahl.

Innan varehandel går forbruket mellom anna ned med 1 prosent innan mat og drikke og 6 prosent innan sport og elektronikk.

Samtidig ser DNB at hushald med høgare gjeldsgrad reduserer forbruket sitt meir enn hushald med låg eller inga gjeld.

Publisert: 12.10.2023 14:25

Sist oppdatert: 12.10.2023 14:25