Kort fortalt

Kraftig auke i talet på campingturistar

Mange nordmenn på tur i juni. 

07.08.2020
(NPK): Talet på norske campingovernattingar auka kraftig i juni, men var ikkje nok for å fylle tomrommet frå utlendingar.
Nye tal frå SSB viser at det var 20 prosent fleire norske overnattingar i juni i år samanlikna med fjoråret, .
Likevel fall totale overnattingar på norske campingplassar med 20 prosent i juni på grunn av koronapandemien.
– Vi ligg cirka 60 prosent under totalt denne sesongen. I eit vanleg år er rundt ein firedel av gjestene nordmenn, no er det jo knapt utlendingar her, seier dagleg leiar ved Lone Camping i Arna, Henrik Lohne, til NRK.
(©NPK)

Publisert: 07.08.2020 10:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25