NPK-NTB: Sanksjonar har bidratt til at norsk eksport til Russland har falle med 75 prosent sidan 2014. I same periode har den russiske eksporten til Noreg auka.
Begge landa har innført sanksjonar mot kvarandre etter at Russland annekterte Krimhalvøya i 2014. Sidan den gong har norsk eksport til Russland falle frå 8,5 milliardar i 2014 til 2,1 milliardar kroner i fjor, skriv .
Samtidig auka Russlands eksport til 12,6 milliardar kroner i fjor, mens den låg på rundt 10 milliardar kroner i 2014.
Mange norske eksportbedrifter melder om vanskelege forhold i Russland.
– For norsk side er skadeverknadene av sanksjonane større enn fordelane. Om ein ser at sanksjonane berre skadar norske bedrifter, bør ein ta sanksjonane opp til ny vurdering, seier direktør Salve Dahle i konsulentfirmaet Akvaplan-niva i Tromsø, som har drive forretningar i Russland sidan 1990.
I fjor var handelsbalansen med Russland på minus 10,5 milliardar kroner, den dårlegaste handelsbalansen som hittil er registrert av SSB.

Publisert: 27.03.2018 09:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39