Kort fortalt

Kraftig smell for Kjos

Har tapt 1,5 milliardar på eit drygt år.

27.07.2017
NPK-NTB: Nedturen for Norwegian-aksjen har gått hardt ut over den største eigaren: konsernsjef Bjørn Kjos.
I 2017 er Norwegian-aksjen ned nesten 40 prosent, og frå toppen i april 2016 er aksjen ned 53 prosent, skriv Finansavisen.
– Aksjekursen går opp og ned. Eg ser likevel ikkje på den frå dag til dag, men heller over tid, sa Kjos til Finansavisen tidlegare i juli.
Kjos sit på i overkant av 7,4 millionar aksjar i Norwegian gjennom investeringsselskapet HBK Invest, der han eig 84 prosent. Kursfallet til Norwegian betyr eit tap på 900 millionar kroner sidan nyttår, og 1,5 milliardar sidan april 2016. Verdien på Kjos' Norwegian-aksjar er no 1,3 milliardar kroner.
Analytikar i den britiske storbanken HSBC Andrew Lobbenberg trur aksjen vil fortsette å falle.
– Andre kvartal viste at kostnadsnivået i Norwegian er fullstendig ute av kontroll. Selskapet har bestilt fleire nye fly enn dei treng, etter vår oppfatning, og dei har ei rad finansielle utfordringar. Vi trur derfor at aksjekursen vil fortsette å svekkje seg dei kommande månadane, seier Lobbenberg til Finansavisen.
Analysesjef i Norne Securities Karl-Johan Molnes trur hausten blir betre enn venta.
– Det er enorme sesongvariasjonar i aksjen, og tredje kvartal blir som regel betre enn venta. Vi trur derfor det er ei stor oppside i aksjen no, seier han.

Publisert: 27.07.2017 08:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41