(NPK): Eksportgarantiane til sjømatnæringa auka frå 2,5 til 4 milliardar kroner i første halvår av 2020.
Det er GIEK – Garantiinstituttet for eksportkreditt – eit forvaltingsorgan underlagt Nærings- og fiskeridepartementet, som står for garantiane.
Det har vore ein firedobling i finansiering frå GIEK-garantiar på to år, frå 1 milliard kroner i 2018 til 4 milliardar i 2020, .
78 prosent av finansieringa er knytt til laks og oppdrett, medan 14 prosent er knytt til kril og 6 til kvit fisk.
– Eg er glad for at fleire bedrifter i eksportretta næringar satsar og vidareutviklar seg, og at GIEKs tilbod kan bidra til å utløyse finansiering av lønnsame prosjekt, seier næringsminister Iselin Nybø (V) i pressemeldinga.
(©NPK)

Publisert: 20.10.2020 12:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24