Kort fortalt

Krev auka satsing på vindkraft

Klar tale frå ungdomspartia til regjeringa.

13.01.2020
(NPK-NTB): Ungdomspartia til alle dei fire regjeringspartia krev fortgang i vindmølleutbygginga i Noreg.
– Sjølv om det er vanskeleg, og sjølv om det er eit konfliktnivå, så er det ansvaret til denne regjeringa at vi får bygd ut noko, seier Unge Høgre-leiar Sandra Bruflot til .
Bruflot etterlyser klarare satsing på vindkraft i Noreg etter at regjeringa skrota den foreslåtte rammeplanen for vindkraft i fjor. Planen fekk massive protestar.
– Vi må ta inn over oss at olja ein dag vil ta slutt, anten vi vil det eller ikkje, og då må vi faktisk ha fleire bein å stå på. Vi må utvikle nye næringar som kan sikre verdiskaping, skape arbeidsplassar i heile landet og som også kan bidra til å redusere utsleppa, seier nestleiar Andreas Brännström i FpU til kanalen.
Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark seier til NRK at det ikkje alltid er slik at dei som skrik høgast, representerer fleirtalet.
– Det er både eit fleirtal i befolkninga som meiner at vi skal ta klimautfordringane på alvor, og at vi skal byggje ut meir vindkraft, så eg foreslår at vi høyrer på dei, seier han.
Ingen av ungdomspartia vil tvinge kommunar til å byggje ut vindkraft.
KrfU-leiar Edel-Marie Haukland meiner det er viktig at kommunane blir lytta til. Samtidig meiner ho det er viktig å få på plass grøn energi.
(©NPK)

Publisert: 13.01.2020 08:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31