Kort fortalt

Krev fleire hurtigruteskip i drift etter rutekutt

Lokalpolitikarar meiner landet blir delt i to.

14.10.2020
(NPK-NTB): Etter at regjeringa vedtok å kutte alle hurtigruteanløp sør for Bodø, krev SV at fleire skip blir sett i drift. Lokalpolitikarar meiner landet blir delt i to.
Regjeringa har vedteke at Hurtigruten inntil vidare berre skal segle Bodø-Kirkenes-Bodø. Vanlegvis går ferda frå Bergen til Kirkenes og ned igjen. Etter koronautbrotet har Hurtigruten berre segla med to skip.
– Vi kan ikkje akseptere at landet skal delast i to, skriv lokalpolitikarar frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, SV og KrF i eit .
– Denne avgjerda rammar næringslivet langs kysten, som er avhengig av Hurtigruten for føreseielege og kontinuerlege leveransar og mottak av gods og varer. Den rammar hamnene som er viktig infrastruktur i kystkommunane våre. Avgjerda rammar folk langs heile kysten, og det er mange som bruker Hurtigruten som framkomstmiddel, skriv dei.
SV-nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes seier til at det må setjast inn fleire skip og at seglasen ned til Bergen må takast opp att.
– Bussane går, toga går, flya går, hurtigbåtane går. Men stamvegen til kysten er ikkje like viktig for Erna Solberg. Hurtigruta skal alltid gå. Derfor krev vi at regjeringa set inn fleire skip for å betene ruta, seier Fylkesnes.
(©NPK)

Publisert: 14.10.2020 12:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24