(NPK): Fylkespolitikarar frå Møre krev meir av samferdslepengane frå Nasjonal transportplan og ein opptrappingsplan for fylkesvegane i fylket. Det kom fram i eit møte med stortingsrepresentantane frå fylket.
Det må kome ein opptrappingsplan for fylkesvegane i Nasjonal transportplan, meiner fylkespolitikarane i Møre Romsdal som måndag møtte stortingsrepresentantane på Mørebenken, skriv .
Leiaren i samferdselsutvalet, Kristin Sørheim (Sp), forventar at fylkesvegane får eit løft. Ho krev òg at fylket får meir av samferdselspengane enn det har fått før. Av riksvegprosjekt peika fylkespolitikarane på E136 Ålesund-Innlandet grense og E39 mellom Ålesund og Molde.
(©NPK)

Publisert: 12.01.2021 13:49
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23