Kort fortalt

Krev svar om vindkraft-skattlegging

Motstandarar krev meir openheit om Havsul1.

04.11.2020
NPK: Motvind Nordvest, Fiskebåt og SV meiner for mykje av informasjonen om skattlegging av vindprosjektet Havsul1-prosjektet er omfatta av teieplikt.
– Den manglande lønnsemda i prosjekta og finansieringa som ligg bak, har vore underkommunisert. Dette har igjen fått betydning for dei fiskeri- og miljøinteresser som vi er sette til å ta vare på. Det meiner vi er kritikkverdig, seier rådgivar i Fiskebåt Hanna Bauge, til .
Organisasjonen er ein av fleire som har klaga på at havvindprosjektet Havsul 1 fekk utsett frist for å bygge ut til 2025. Olje- og energidepartementet held på med å behandle desse klagene.
Fiskebåt og Fiskarlaget klagar fordi vindkraftprosjektet skal etablerast i eitt av dei viktigaste gytefelta langs kysten.
– Ingen kjenner konsekvensane av dette tiltaket, og vi fryktar det verste både for fiskerinæringa og bestandane våre, seier Bauge.
Havsul 1 kan komme inn under dei same skatteordningane som olje- og gassnæringa, og Bauge meiner det er problematisk at mykje av det er teiepliktig informasjon som ligg hos oljeskattestyresmaktene.

Publisert: 04.11.2020 09:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24