NPK-NTB: Raudt, Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV går saman om å auke permisjonstida frå 26 til 52 veker.
– Fagforeiningane i industrien seier det hastar med permisjonsreglane no, seier nestleiar Marie Sneve Martinussen i Raudt til Klassekampen.
Ho viser til at folk var permitterte allereie før koronakrisa, mellom anna i verftsindustrien, og at nokon derfor er nær grensa på 26 veker.
I helga foreslo partiet å utvide permisjonstida, men fekk ikkje gjennomslag for det.
Fredag legg finansminister Jan Tore Sanner (H) fram den tredje av tre varsla krisepakkar.
– Om regjeringa ikkje kjem med eit forslag fredag, må Stortinget tvinge det gjennom, seier Kari Kaski i SV.
Terje Aasland i Ap peikar på at politikarane må unngå at viktig industri manglar avgjerande kompetanse når situasjonen med tida kjem tilbake til normalen.
Sigbjørn Gjelsvik i Sp seier partiet støttar forslaget, men at det hastar meir å få til ordningar for inntektssikring, hjelpe sjølvstendig næringsdrivande og sikre likviditet til bedrifter.

Publisert: 24.03.2020 08:13
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29