Kort fortalt

KrF vil stanse nye oljelisensar

Meiner oljeeventyret er i sluttfasen.

17.11.2020
NPK-NTB: KrF vil setje ein stoppar for nye oljelisensar i norske farvatn, om det ikkje er utvinning der frå før. Det går fram av forslaget til nytt partiprogram.
I eit programkapittel Vårt Land har fått tilgang til, heiter det at norske utslepp skal reduserast med minst 55 prosent innan 2030. I tillegg skal utsleppa reduserast til netto null i 2050.
– Forslaget inneber ei kraftig skjerping av KrFs klimapolitikk, seier sentralstyremedlem Erik Lunde som leier arbeidet med stortingsprogrammet for neste periode.
I utkastet slår programkomiteen at det norske «oljeeventyret er i ein sluttfase».
– Tida for å lyse ut nye, breie konsesjonsrundar og stimulere til leiting etter meir olje, er forbi. Framtidige lisenstildelingar må avgrensast til utvidingar eller forlenging knytt til allereie eksisterande produksjon i modne område, heiter det.
Kristeleg Folkeparti legg fram utkastet sitt til nytt stortingsprogram «i nær framtid», ifølgje Vårt Land.
Programforslaget skal no drøftast i lokal- og fylkeslaget til partiet. Landsstyret kjem med ei førebels innstilling i mars. Programmet blir vedteke på landsmøtet i slutten av april neste år.

Publisert: 17.11.2020 08:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24