NPK-NTB: Etter at fire kystfylke og KS fredag i førre veke gjekk saman i kampen for meir pengar til ferjene, svarer regjeringa med å invitere fylka til ferjemøte 2. mars.
Ifølgje vil samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF), kommunalminister Nikolai Astrup (H), klimaminister Sveinung Rotevatn (V) og distriktsminister Linda Hofstad Helleland (H) delta i møtet.
Invitasjonen kjem etter krav om at regjeringa må betale meir av prislappen for å legge om til grøn ferjedrift. Omlegginga er ei av årsakene til dei auka billettprisane, som har skapt ferjeopprør langs kysten.
– Det er viktig å få kunnskap og informasjon om tala og prisauken og ikkje minst sjå på verkemidla for kva vi kan gjere med dette, seier Hareide til avisa.

Publisert: 10.02.2020 07:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30