Kort fortalt
Kritisk til gondoldebatten
Høg temperatur i Sula.
02.12.2021
Pensjonert lærar og fotballtrenar Reidar Vågnes er sjokkert over debattklimaet kring Sulagondolen, skriver Sunnmørsposten.
Han meiner tonen i diskusjonen på sosiale media er aggressiv og oppmodar i staden folk i Sula til å møtast ansikt til ansikt.
– Mi oppleving er at motstandarar av gondolen går lengst når det gjeld å karakterisere motparten og, ikkje minst, tileigne motparten haldningar, meiningar og motiv som ikkje kan dokumenterast, seier han til avisa.
Vågnes vil ikkje sjølv ta stilling i saka fordi han no bur i Ålesund.
– Det er både fordelar og ulemper med gondolen. Uansett utfall skal langevågssamfunnet leve vidare, legg han til.
Publisert: 02.12.2021 11:34
Sist oppdatert: 02.12.2021 11:36