Sulagondol innfelt jim arve røssevoll illustrasjon snøhetta 22
POSITIV: Ordførar Jim Arve Røssevoll (innfelt) vil seie ja til at Flakk startar prosessen med ein områdeplan for «Destinasjon Sulafjellet».
Nytt

Vil seie ja til å starte gondolprosess

Sula-politikarane med prinsippvedtak om Sulagondolen. Innstillinga og ordføraren er positive.

Marius Rosbach
01.03.2021


Onsdag kjem saka om Sulagondolen for første gong på politikarane i Sula sitt bord. Då skal det faste utvalet for plansaker ta stilling til om Flakk Gruppen kan få starte ei områderegulering for prosjektet «Destinasjon Sulafjellet».

– Eg er positiv til at vi skal ha ein prosess for å sjå korleis det er mogleg å realisere prosjektet, og kva negative og positive sider det kan føre med seg, fortel ordførar Jim Arve Røssevoll (Ap) til NETT NO.

Innstillinga frå kommunedirektøren er også positiv og rår kommunestyret – som seinare skal ta stilling til saka – om å la Flakk Gruppen starte reguleringsarbeidet.

Motstanden til traseen som Flakk har ønska, viser at det skal gode argument til for at den skal ligge der, og ikkje ein annan plass
Jim Arve Røssevoll

– Eit prinsippvedtak
Bakgrunnen for at saka kjem opp, er planane Knut Flakk fortalde om i desember i fjor. Familiekonsernet vil satse kring 400 millionar kroner på gondolbane frå Devoldfabrikken til Sulafjellet og utvikle friluftsaktivitetar på Sulafjellet.

Ordføraren påpeiker at det framleis er eit stykke fram før politikarane vil ta endeleg stilling til forslaget om å bygge.

– Dette kan sjåast på som eit prinsippvedtak. Så må det kome ein formell søknad, og først når den er godkjent, vil sjølve arbeidet med områdeplanen starte opp, fortel han.

Alternative trasear må vurderast
Traseen som er føreslått vil råke kring 25 bustader og det er allereie betydeleg motstand mot planane hos lokalbefolkninga.

–Motstanden til traseen som Flakk har ønska, viser at det skal gode argument til for at den skal ligge der, og ikkje ein annan plass. Vi må forsøke avgrense dei negative sidene og optimalisere dei positive sidene, legg Røssevoll til.

Som ordføraren fortalde til NETT NO i førre veke, vil det mellom anna vere krav om utgreiing av alternative trasear for bana i det vidare arbeidet.

Ordføraren påpeiker også at arbeidet med ein områdeplan ikkje nødvendigvis vil vere avgrensa til bygging av gondolbanen.

– Vi må sjå på alle sider ved dette området, både for bebuarar, natur og friluftslivsinteresser, hyttefelt og andre forhold, seier han.

Publisert: 01.03.2021 13:16

Sist oppdatert: 01.03.2021 13:38

Mer om