(NPK): For mange skadar seg på jobb for Equinor, meiner konserntillitsvalt Bjørn Asle Teige. Equinor avviser kritikken.
– Sanninga er at talet personar som skadar seg på jobb for Equinor, gjekk opp i 2019. Då hadde vi eit snitt på ein skade per dag. Det er totalt uakseptabelt, seier Teige til
Under ein seanse med analytikarar, aksjonærar og media i London i byrjinga av februar, sa konsernsjef Eldar Sætre at Equinor vil halde fram med å forbetre sikkerheita. Han lova også å auka kapitaldistribusjonen, altså at eigarane skal få meir av pengane i Equinor gjennom utbytte og auka aksjeverdi, med 42 prosent.
Teige meiner det er feil at Equinor lovar at aksjonerer skal få eit større utbytte, medan arbeidspresset aukar for dei tilsette.
Talsperson i Equinor Morten Eek meiner at det blir feil å sjå vekk ifrå tal arbeidstimar når arbeidsskadar i Equinor skal vurderast.
– Vi har lagt fram den lågaste personskadestatistikken på lang tid, og det er ein veldig god trend. Det er mange år sidan så få blei skadde på jobb for oss. Samstundes har vi folk som blir skadd, så det er ingen grunn til å feire, seier Eek.
(©NPK)

Publisert: 18.02.2020 13:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30