Kort fortalt

Krona på sitt svakaste på fleire tiår

Indeksen går tilbake til 1980-talet.

Marius Rosbach
04.02.2020
(NPK-NTB): Den norske krona har svekt seg til det lågaste nivået på minst 30 år, ifølgje Noregs Bank.
Måndag ettermiddag vart I44-indeksen, Noregs Banks føretrekte kronemål, notert til 112,24 poeng. Det er det svakaste nivået nokosinne på indeksen, som går tilbake til slutten av 80-talet, skriv .
Indeksen måler styrken til krona mot valutaene til 44 av Noregs viktigaste handelspartnarar og er ein viktig peikepinn når sentralbanken set rentene.
Kronesvekkinga skjer i kjølvatnet av ei solid styrking før jul. Årsaka er fleire negative nyheiter, som Wuhan-viruset frå Kina og oljeprisfallet på byrjinga av nyåret.
– På toppen av dette har vi fått svake tal frå norsk økonomi, seier valutastrateg Magne Østnor i DNB Markets til E24.
(©NPK)

Publisert: 04.02.2020 13:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30