Kort fortalt

Kronekursen kraftig svekt

Nordsjøolje fall med nesten 25 prosent.

09.03.2020
(NPK-NTB): Etter at kursen på nordsjøolje fall med nesten 25 prosent natt til måndag, svekte òg kronekursen seg betydeleg.
Krona er svekt mot euro, amerikanske dollar og britiske pund natt til søndag, skriv og viser til tal frå analyseselskapet Infront.
Mot euro er krona svekt rundt 42 øre eller 4,1 prosent. Ein euro kosta natt til søndag 10,86 kroner, noko som er rekordsvakt. Mot amerikanske dollar er krona svekt 3,27 prosent, og prisen på 1 dollar var natt til søndag 9,54 kroner. Også mot det britiske pundet svekte krona seg merkbart på same tid, og 1 britisk pund kosta då 12,51 kroner.
Kronefallet kom etter nyheita om brot i forhandlingane mellom Opec og Russland, som førte til kraftig fall i oljeprisen verda over. På det meste var fallet i prisen på nordsjøolje på over 30 prosent. Fallet påverka kursen på den norske krona som svekte seg.
(©NPK)

Publisert: 09.03.2020 08:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29