NPK-NTB: Det norske kystvaktskipet KV Svalbard gjennomførte onsdag det som polfararane Fridtjof Nansen og Roald Amundsen aldri greidde – nemleg å segle til Nordpolen.
Skipet nådde 90 grader nord klokka 09.32 onsdag morgon, skriv
KS Svalbard er på oppdrag frå Nansen-senteret i Bergen, og oppdraget består mellom anna i å plassere måleinstrument på havbotnen som skal observere temperaturar og klimaet i havet i Arktis, ifølgje
– Det gjekk langt raskare enn vi hadde trudd på førehand. Vi trudde vi skulle møte tjukkare is undervegs og var førebudde på at vi kanskje ikkje ville nå fram, seier sjef Ottar Haugen for Kystvakta til kanalen.
– For oss i Kystvakta er dette ein milepæl og ei stadfesting på vi har eit fartøy som kan operere opp til polpunktet og over heile Arktis, seier han.
KS Svalbard vart sjøsett i 2001. Fartøyet er 103 meter langt, 19 meter breitt og veg 6.375 tonn.
Nansen sette i 1893 kursen nordover i polarskuta Fram, men kom aldri lengre nord enn 86 grader nord. Amundsen prøvde å nå Nordpolen med Maud-ekspedisjonen i 1918, men nådde heller aldri målet om å la skipet drive over Nordpolen. I 1926 flaug han likevel over polpunktet i luftskipet Noreg.

Publisert: 21.08.2019 15:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33