Då det i sommar vart kjent at Torstein Heggstad slutta som sjef i Maritime Partner ville Torstein Heggstad ikkje kommentere kva han skulle byrje med.
No lettar han på sløret og fortel at han etter avgangen har fått så mange spørsmål om han kunne bidra med råd og hjelp at han fann ut at han skulle satse som bedriftsrådgivar på heiltid.
Det skal skje gjennom Heggstad sitt eige selskap, Hegi Invest, der han no har tilsett seg sjølv.
– Eg har fått såpass mange henvendelsar at eg vil gjere det, seier han om valet om å satse som rådgivar.
Karriereskift
Heggstad har hatt fleire karriereskift dei siste åra.
I 2021 fekk han jobben med å bygge opp Sparebanken Vest sitt nye kontor i Ålesund. I 2022 rykka han opp i konsernleiinga i banken med ansvar for bedriftsmarknaden.
Han var toppsjef i Maritime Partner frå 1. mars 2023.
Heggstad kom til Sparebanken Vest frå stillinga som sjef hos Eivind Volstad-selskapet, Volstad As.
Reiarlaget selde hausten 2020 sin siste båt, trålaren Volstad. Tidlegare hadde dei seld ut heile offshoreflåten i selskapet.
Les også
Torstein Heggstad sluttar i Sparebanken Vest. Skal leie Ålesund-bedrift i maritim bransje.
Torstein Heggstad rykker opp i konsernleiinga i Sparebanken Vest.
Torstein Heggstad skal bygge opp Sparebanken Vest-kontoret i Ålesund. Er i gang med rekrutteringen.
Publisert: 03.09.2025 16:03
Sist oppdatert: 03.09.2025 21:08






