Kort fortalt

Kulturhistoriske bygg treng overhaling

Stort etterslep i restaurering og vedlikehald.

04.11.2020
NPK: Ei kartlegging av bygningssamlingane til musea her i landet viser at det er store restaurerings- og vedlikehaldsbehov. Over halvparten av desse bygningane må restaurerast.
I 2019 gjennomførte musea i det nasjonale museumsnettverket kartlegging og tilstandsvurdering av dei kulturhistoriske bygningane i samlingane sine, fortel Kulturrådet i ei pressemelding.
Kartlegginga viser at ein finn eit geografisk tyngdepunkt i bygningssamlingane i fylka Innlandet, Viken og Vestland, med om lag halvparten av bygningane. Når det gjeld alder, er mange av bygningane er oppført på 1800-talet og i første halvdel av 1900-talet. Om lag 2/3 av bygningane kan kategoriserast som bustader eller landbruksbygningar, og tre er det viktigaste byggjematerialet i over 80 prosent av bygningane.
Nærmare 55 prosent av bygningane har tilstandsgrad 2 eller 3, og har dermed varierande grad av restaureringsbehov. Det er likevel store variasjonar mellom både museum og fylke når det gjeld tilstanden som er rapportert inn.
Kostnaden for å få restaurert alle bygningar opp på eit godt vedlikehaldsnivå, er anslått til 3,2 milliardar kroner. Ei undersøking våren 2020 tyder i tillegg på at det ikkje blir brukt nok pengar på vedlikehald, slik at vedlikehaldsetterslepet antakelegvis er aukande.

(©NPK)


Publisert: 04.11.2020 15:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24